Skjebnetid for finnmark

Bit for bit blir det lagd opp til ei nedbygging av regionale institusjonar og regional makt i Finnmark. Det dreier seg om fiskeripolitikk, regionpolitikkk – og no også universitetspolitikk: Forslaget om å fjerne fakultetsstyret i Alta betyr at all akademisk virksomhet i Finnmark skal styrast fra Tromsø.

Finnmark er geografisk sett den mest utsatte og krevande regionen i Norge. Ei lita befolkning, kjerneområdet for samisk kultur, landets rikaste fiskeressursar, grensa mot Russland og eit ovstort areal gir Finnmark utfordringar av ein heilt spesiell type.

På denne bakgrunnen kan ein ut fra klassisk kolonial tenkemåte, resonere seg fram til at oppgåvene er for store til at finnmarkingane skal kunne styre sjøl, og sjøl ha hand om regionen si utvikling og framtid. Kolonitenkinga – at folk langt der borte må ha nokon i sentrum til å styre seg – gjer seg i dag gjeldande på tre viktige område:

Fiskeria: Fra å vere tre fiskeriregionar blei Nord-Norge fra 2016 av til ein felles fiskeriregion. Flott at grenser blir fjerna i Nord-Norge? Resultat: I løpet av eit år er 45 båtkvoter flytta ut av Finnmark og fordelt på rederi i Nordland og Troms. Utarminga av fiskeria i Finnmark er i gang. Under parolen om eit samla Nord-Norge det er fritt fram å kjøpe båt med kvote ut av Finnmark.

Regionalt sjølstyre: Mot Finnmark fylkesting sitt vedtak, og utan oppslutting i befolkninga (meiningsmålingar er heilt klåre!) har Venstre og regjeringa med knappast mogleg fleirtal pressa gjennom eit Stortingsvedtak om å legge ned Finnmark som fylke. Heldigvis vil denne nedlegginga bli midlertidig, for med ei ny rødgrønn regjering vil Finnmark få fylkesstastusen tilbake.

Universitetet: Ved samanslåinga av UiT og Høgskolen i Finnmark var avtalen at eit av fakulteta skulle ligge i Finnmark/Alta, i dag med ansvar for idrettsfag, reiseliv- og sosialfag. No ligg det fore eit framlegg om å legge ned dette fakultetet, grunngitt med praktiske omsyn (er det overraskande at det er blitt for mange fakultet etter samanslåingane?).

Dersom universitetsstyret velger å fjerne akademisk styring utført fra Finnmark, av praktiske omsyn, viser dei med all tydelegheit at dei ikkje forstår den samanhengen UiT – Norges Arktiske Universitet opererer i. Det gjeld den organisasjonsmessige forskjellen på å arbeide underlagd, og å arbeide med eit styringsansvar, ein forskjell som blir dramatisk når dei geografiske avstandane er så store. Det gjeld også den regionalpolitiske samanhengen eg har lag vekt på å vise her, nemleg at UiT speler på lag med ein regjeringspolitikk som for Finnmark sitt vedkomande i store trekk er basert på ei kolonial forståing.

Det er ekstra ille at dette skjer som ei reversering av 50 år med institusjonsbygging i Finnmark, utført i eit samvirke (og kamp!) mellom finnmarkingane og storsamfunnet. Den tilliten til folk i Finnmark blei er blitt vist gjennom utbygging av institusjonar innan næringsliv, forvaltning, samepolitikk og akademia kom ikkje av seg sjøl. Det er ei skjebnetid for Finnmark no, når trua på Finnmark er i ferd med å bli erstatta av ei ovanfrå-og-ned-haldning, båre fram av sentralmakta og storbymiljøet sin arroganse.

Nils Aarsæther, forfatter/debattant og dr. philos. tidl. professor UiT. Første gang publisert juni 2017.